Fjordvett - Økologisk på Vestlandet

Om Fjordvett

  • Kva er Fjordvett?
  • Historie
  • Økoprodusenter på Vestlandet
My Photo

Lenkar

  • Bioforsk Økologisk
  • Debio
  • ECEAT - European Centre for Ecological and Agricultural Tourism
  • Njøs næringsutvikling - nyskaping i frukt og bær
  • Norsk Landbruksrådgiving Sogn og Fjordane
  • Ny link:
  • Oikos vest
  • Oikos Økologisk landslag
  • Ordomjord - Forum for lokal mat og samfunn
  • Slow Food

Annonsar

Véten lokallag av Oikos - økologisk Norge er i sving att!

På "revitaliseringsmøtet/ det ekstraordinære årsmøtet 16.02.2017 i Sogndal vart det vedteke å starte Véten lokallag oppatt, som eit samarbeidsprosjekt med Økoringen Vest, slik at det er eit felles lokallag for medlemene i Oikos – økologisk Norge og medlemene og støttemedlemene i Økoringen Vest. Jfr. separat møtereferat, vedtekter, m.m..

02/19/2017 | Permalink | Comments (0)

Årsmøte Oikos Vest, 1. mars, frå 19.00-21.00

Årsmøtet vert i år i Bergen.

OBS! Årsmøtet blir i Øvre Korskirkesmau 2. Velkommen alle sammen!

Christoffer Knagenhjelm vil og fortelle litt om erfaringene som økologisk gründer før årsmøtet. Han er utdanent arkeolog, driver Knaken kafé og kulturformidling, i tillegg til å være geitebonde.

Årsmøtesaker:


1. Godkjenning av innkalling og dagsorden.
2. Val av møteleiar og referent.
3. Årsmelding.
4. Rekneskap.
5. Val: Styre med vara, revisorar, valnemnd, delegatar til landsmøtet. Innstillingar blir gjort kjent i møtet om ikkje ferdig før.
6. Arbeidsplan. Styret foreslår å delegera saka til styret, for handsaming i første styremøte.
7. Evt uttaler oa innmeldte saker. Ingen saker er meldt inn så langt.

Enkel matservering.


Helsing
Styret v/Christoffer Knagenhjelm (leiar)

Vedlegg:

Årsmelding 2016

Rekneskap 2016

Balanse 2016

02/09/2017 | Permalink | Comments (0)

Ny giv i øko-landbruket i Sogn!

 

       Revitalisering av Veten lokallag av Oikos               Andelslandbruk  i Sogn – eit skritt vidare!

Ope møte torsdag 16.februar 2017  kl. 19:00 på Kafé Krydder i Sogndal for alle øko-interesserte i Sogndal - Leikanger og omegn.

19:00 Ekstraordinært årsmøte/revitaliseringsmøte  i Veten lokallag av Oikos - økologisk Norge

20:00 Oppstartingsmøte for Andeslandbruk i Sogn med m.a. val av arbeidsutval/interimstyret, drøftig av planar framover,  organisasjonsform, m.m.

Etter infomøtet i Sogndal 23.11.16 har vi fått 10-12 husstandar som har meldt seg på for å starte eit andelslandbruk. Vi reknar òg med at det kjem fleire etterkvart.

Vi har også fått kontakt med grunneigarar som evt. kan stille jord til disposisjon.

Det er grunnlag nok for å kome i gong med eit konkret prosjekt. 

Jfr. https://www.facebook.com/groups/571173543092239/?fref=ts

02/08/2017 | Permalink | Comments (0)

Andelslandbruk i Sogn?

Etter initiativ frå Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane vart det skipa eit orienteringsmøte om "Andelslandbruk", onsdag 23.11.2016 kl. 20:00 på Kafe Krydder i Sogndal. jfr. plakaten. Download Utk1Andel Sogndal (2).  Marit Bendz, fylkessekretær i Naturvernforbundet, heldt eit  svært inspirerande føredrag om Vie Andelslandbruk i Førde http://www.vieandelslandbruk.no

Alt i 2014 vart det arrangert eit orienteringsmøte i Sogndal. Pressemeldinga i samband med møtet i april 2014 finn du her: PM for møtet i 2014     

Som på det første møtet var det  nærmare 30 deltakar på informasjonsmøtet 23.11.. I tillegg hadde fleire sendt melding om at dei var interessert, men at det ikkje passa denne kvelden. Det var stor semje om å jobbe konkret med eit eiga prosjekt i Sogn og det vart føreslege å setje ned eit interimsstyre. Med tanke på kompetansen og det store engasjementet for andelslandbruk  som Oikos - økologisk Norge har vist, var det naturleg at vi i første omgang bles liv att i det sovande lokallaget  av Oikos i Sogndal-Leikangerområdet (Veten). Samstundes skal det jobbast for at det kjem i gong eit andelslandbruk i Sogn, og at ein eigen  organisasjon for dette vert skipa når eit konkret prosjekt er klar for oppstarting. 

Jfr. ny link  

Som medlemer i interimsstyret vart vald: Johannes Anonby (tidlegare leiar i Veten lokallag), Christian Zurbuchen (tidlegare kasserar i  Veten lokallag), og Victoria Kate Slaymark (student, ny).

Sogn Avis var på møtet og skreiv eit innlegg/referat som gjorde at mange vart merksame på prosjektet og i ettertida er vi  kome i kontakt med potensielle vertar slik at situasjonen no ser mykje lysare ut enn tittelen i avisoppslaget antyda.  Referat i Sogn Avis

 Interimstyret har i ettertid sendt ut informasjon med påmeldingsskjema til dei som har skreve seg på lista. I tillegg har vi laga ei Facebookside. 

Skal vi kome vidare med prosjektet er vi heilt avhengige av at folk tek kontakt med oss og seier frå at dei er interesserte.

Påmeldingsskkjemaet finn du her : Andelslandbruk i Sogn  

Kontaktadresse: [email protected]  v/ Christian Zurbuchen 975 21 402

 

IMG_9289

11/18/2016 | Permalink | Comments (0)

Økoveka på Vestlandet

Også i år vert Økoveka markert på Vestlandet.

Kva som skjer i Bergensregionen kan du sjå her: http://okouka.no/kalender/?sted=bergen

Og det som skjer i Sogn og Fjordane finn du her: http://okouka.no/kalender/?sted=sognogfjordane

Følg elles med på Oikos Vest si facebooksida!

  

IMG_3275

 

09/30/2016 | Permalink | Comments (0)

OIKOS engasjerar seg i saka om øko-mjølk på Vestlandet!

Etter intiativ frå OIKOS Vest (regionlag for Vestlandet) og OIKOS Møre og Romsdal (fylkeslag) vart økø-mjølkesituasjonen på Vestlandet teke opp på OIKOS-landsmøte 8.-10.4.2016 i Skien.

Det vart rask klart at det er ei sak som angår også andre distrikt (t.d. Valdres), og dermed er det ei sak av nasjonal interesse.

Landsmøte slutta seg til eit fråsegn som vart sendt til alle konsernstyremedlemer i TINE.

http://www.oikos.no/aktuelt/landsmotet-i-oikos-oppfordrer-tine-betal-lik-merpris-til-alle

Dette viser kor viktigt det er at øko-bønder er med i ein øko-organisasjon som kan engasjere seg i politiske saker.

04/14/2016 | Permalink | Comments (0)

Øko-mjølka frå Vestlandet i hardt vér

Berre nokre dagar etter den entusiastiske lanseringa av øko-løft-prosjektet http://www.oikos.no/aktuelt/knallstart-for-landbrukets-okoloft, so kjem det oppslag i massemedia som kan ta motet frå mange som arbeider for utviklinga av det økologiske landbruket på Vestlandet: http://www.nrk.no/mr/all-oko-melk-fra-vestlandet-blandes-med-vanlig-melk-1.12859053 

Vi meinar at etter dei entusiastiske orda i samband med lanseringa av øko-løftet,  må det følgje aktiv handling. Utspelet frå TINE i denne saka er reine nedturen og stikk i strid med det øko-løft-partane sine intensjonar. 

Vi vil tilrå at alle som er opptekne av at øko-mjølkproduksjonen på Vestlandet vert utvikla til å vere eit fullverdig tilbod til alle interesserte bønder og forbrukarar, til å engasjere seg. Det kan m.a. skje gjennom å underskrive dette oppropet her:  http://www.opprop.net/tine_me_vil_ha_okologisk_melk_fra_vestlandet   

03/19/2016 | Permalink | Comments (1)

Årsmøte i Økoringen Vest 2016

 Referat frå årsmøtet 16. april 2016 på Skei i Jølster.

Ved sida av dei vanlege årsmøtesakene var eit viktig tema oppe som sak: Framtida til Økoringen Vest.

Styret og årsmøtet meiner at det ikkje er aktuelt å leggje ned Økoringen Vest som ein sjølvstendig øko-organisasjon for å bli underordna eit konvensjonelt styre. Som alternativ til NLR-tvangsløysinga er det aktuelt å vidareutvikla og formalisere samarbeidet med andre økologiske organisasjonar og institusjonar som Oikos Vest, Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) og stiftinga NORSØK på Tingvoll.

Årmøtet vedtok følgjande (samrøystes): Styreleiar og ringleiar får fullmakt av årsmøtet for å gå i forhandlingar med SJH og andre øko-organisasjonar/-institusjonar med tanke på framtidig samarbeid.

Styret i Økoringen Vest for 2016/17 er:

  •  Leiar:                  Olav Arnar Bø, Vik k.           
  •  Nestleiar:            Anders Braanaas, Værlandet, Askvoll k.                       
  •  Styremedlemer:  Johannes E. Mundal, Fjærland, Sogndal k.                       
  •                             Harald Eriksen, Årberg, Gaular k.                                   
  •                             Elisabeth Veivåg Helseth, Hyllestad k.                       
  •  Varamedlemer:   1. Arve Heimdal, Årdal, Jølster k.                                           
  •                             2. Mai Nyborg, Nes. Gloppen k.                       

 

03/11/2016 | Permalink | Comments (0)

Heimekomposteringskurs i Sogn våren 2017

Kompostkursa er eit samarbeidsprosjekt mellom SIMAS og Økoringen Vest og vert våren 2017 halde på følgjande stadar: Kommunestyresalen Leikanger tysdag 2. mai, kommunestyresalen Høyanger torsdag 4. mai og  kommunestyresalen Lærdal tysdag 9. mai. Tidspunkt: 18:00-21:00.  Kursa er gratis og alle interesserte er velkomne.

http://www.simas.no/aktuelt/kurs-i-heimekompostering-2017 eller på Facebook: https://www.facebook.com/SimasFestingdalen/?ref=aymt_homepage_panel

 

 Meld deg på via kontaktskjema på SIMAS-heimesida eller til Linn Sofie Ugulen på e-post: [email protected] eller telefon: 57 65 70 70.      Påmelding innan 1.mai.             Arr.: SIMAS. Kursleiar: Christian Zurbuchen. Økoringen Vest. IMG_0336

03/10/2016 | Permalink | Comments (0)

Årsmøte Oikos Vest, 5. februar, frå 11.00-12.00

Vi nyttar høve i anledning Aurlandsseminaret og held årsmøte i Aurland, fredag 5. februar!
Årsmøtet vert halden på Mariannes kafé, på Aurlandsvangen i Aurland (rett ved brua)

Sjølv om det har vore eit innhaldsrikt år (sjå årsmeldinga) tek vi sikte på eit effektiv og godt årsmøte, frå 11.00-12.00 før Aurlandseminaret byrjar.

Årsmøtesaker:

1. Godkjenning av innkalling og dagsorden.
2. Val av møteleiar og referent.
3. Årsmelding.
4. Rekneskap.
5. Val: Styre med vara, revisorar, valnemnd, delegatar til landsmøtet. Innstillingar blir gjort kjent i møtet om ikkje ferdig før.
6. Arbeidsplan. Styret foreslår å delegera saka til styret, for handsaming i første styremøte.

7. Evt uttaler oa innmeldte saker. Ingen saker er meldt inn så langt.

Enkel matservering.


Helsing
Styret v/Christoffer Knagenhjelm (leiar)

Vedlegg:
Download Oikos_Vest_Årsmelding_2015

Download Oikos_Vest_Balanse_2015

Download Oikos_Vest_Resultat_budsjett_2015

01/28/2016 | Permalink | Comments (0)

« Forrige | Neste »

Recent Posts

  • Årsmøte Økologisk Vestland 2021
  • Årsmøte 2019 Økoringen Vest
  • Infomøte om REKO-ringen Sogn 23.3.2019
  • Véten lokallag av Økologisk Norge - årsmøte 2019
  • Søndag 17.3, kl. 17.00 inviterer Økologisk Vest til samfunnsdebatt og årsmøte på Sogn Jord- og Hagebrukskule (Lundesalen).
  • Open saue-økogard i Jostedalen 21.10.2018
  • Veten lokallag av Oikos – økologisk Norge, årsmøte 2018
  • Årsmøte 2018 Oikos Vest, 26. februar, kl. 20-22 på Bergen offentlige bibliotek
  • Økoringen Vest - årsmøte 2018
  • Andelslandbruk i Sogn - eit skritt vidare
Subscribe to this blog's feed

Categories

  • Leiar (1)
  • Lokal foredling (2)
  • Lokal mat (2)
  • Omsetning (2)
  • Styresmakter (1)
  • Økologisk Dyrehold (1)
  • Økologiske idèer (2)
See More

Archives