I slutten av mai hadde Økoringen Vest i samarbeid med Økoproduksjon Vest (eit prosjekt i regi av OIKOS Vest) informasjonsmøte i Sogndal og Førde for å setje søkjelys på omsetning av økologisk kjøt. (Meir om Økoproduksjon Vest finn du her: http://www.oikos.no/vest/index.php?folder=prosjekter&page=prosjekter&action=view&index=2)
På møte vart dei ulike tilboda frå Gilde og Fatland samt lokale tilbod presentert. Mest merksemd fekk det nye tilbodet frå firmaet Mobilslakt AS (www.dyreetikk.no).
I etterkant av møta oppmoda medlemer i Økoringen Vest arrangørane om å ta initiativ ovanfor Gilde med tanke på å etablere eit samarbeid mellom Gilde og det mobile slakteriet slik at Gilde-medlemer har høve til å gjera seg nytte av tilbodet med slakting på garden utan å måtte bryte med Gilde.
Brevet frå Økoringen Vest til Gilde finn du her: Gilde.doc