Fjordkjøkenet i Aurland er overteke av SJH og vert ved sidan av kurs og opplæring i skulen sin regi no leigd ut til interesserte brukarar. Hovudleigetakar er ”Mat og behag Sogn AS” eit selskap eigd av fleire lokale produsentar og foredlarar. M.a. er Norvald Langeteig medeigar i selskapet og brukar kjøkenet som utgangspunkt for si gourmetsatsing. Men ved sidan av dei som står bak selskapet får også andre lokale produsentar tilbod om å leige kjøkenet/produksjonslokalet.
Er det eit døme for andre område? I staden for at alle investerer masse pengar i eigne foredlingslokale, så får ein i stand samarbeidsløysingar som gjer at inngangsprisen for å kome i gang med lokal foredling vert ein brøkdel av det som den elles kunne ha vore.
Når Fjordvett var innom Fjordkjøkenet så var ved sidan av Norvald Langeteig også ekteparet Lill F. og Per Dale frå Flåm i gang med å foredla kjøtet sitt.