Fjordvett starta i si tid opp som eit felles medlemsblad for øko-miljøet i Sogn og Fjordane i 1993. Formelt var det ”Samarbeidsrådet for økologisk landbruk i Sogn og Fjordane” som sto bak bladet. Samarbeidsrådet vart etablert i byrjinga av 1990-talet for å samle øko-miljøet i fjordfylket (SJH, lokallaga av OIKOS/NØLL og Økoringen Vest).
2003-2005 fekk bladet ei ansiktsløfting og kom m.a. ut i farge, samstundes som nedslagsfeltet vart utvida til å omfatta også Hordaland. Bladet vart utvida frå å vere eit informasjonsskriv for økomiljøet til å vere eit ”Tidskrift for økologisk landbruk, småskala foredling og berekraftig bygdeutvikling på Vestlandet”. Det ”nye” bladet vart godt motteke og fleire organisasjonar sa seg interesserte i å vere med i bladet.
Etter at fleire organisasjonane som tidlegare viste interesse for å slutte opp om FJordvett, vedtok å bruke Vestlandsk Landbruk som sitt medlemsblad, så strakk dessverre pengane ikkje lenger til å gi ut bladet i papirutgåve. Kompetansenavet for småskalaforedling v/SJH som hadde overteke utgjevaransvaret etter OIKOS Vest, gjekk difor saman med Økoringen Vest og OIKOS Vest i spissen for å finne ei løysing. Kreative sjeler kom på ideen om å satse på ”FJordvett på nett”, noko som vart godt motteke. Den nye satsinga skulle vere eit nybrotsarbeid. Men så gjekk Fjordvett på nett litt i dvale og ikkje all stoff var ajour.
I samband med at Vestlandsk Landbruk vert lagt ned frå september 2010 ser vi det som svært aktuelt å blase nytt liv i “FJordvett på nett” og det er semje mellom Oikos Vest og Økoringen Vest om å bruke www.fjordvett.no som ei felles nettside i tillegg til dei organisasjonsinterne nettsider http://www.oikos.no/newsread/news.asp?N=5097 og http://okoringenvest.lr.no/