Før det ordinære årsmøtet startar får me to spannande innlegg frå Marit Bendz og Elin Rømo Grande med tittelen Ut av skyttargravene - opp på barrikadane!
Matproduksjon, insektsdød, landbrukspolitikk og -praksis, klima og miljø. Alt heng saman, alt krev handling og endring. Korleis skal me få det til? Ved engasjement og samarbeid! Vil du vere ein del av løysinga? Høyr Marit Bendz og Elin Rømo Grande snakke om ulike måtar å engasjere seg på, og ta del i framtidsretta endringar.
- Marit Bendz er forfattar, frilansjournalist og særs engasjert samfunnsaktivist.
- Elin Rømo Grande, avgangselev ved SJH, tilsett hjå Økologisk Norge.
- Enkel servering -
Dagsorden for årsmøtet
Sak 1. Konstituering: Godkjenning av innkalling og dagsorden
Sak 2. Val av møteleiar, protokollførar og to til å underskrive protokollen
Sak 3. Årsmelding
Sak 4. Rekneskap med revisors beretning
Sak 5. Handlingsplan og budsjett
Sak 6. Vedtekter
Sak 7. Innkomne saker
Sak 8. Val
- Val av styre, valkomité og revisor
Download Invitasjon til samfunnsdebatt og årsmøte i Økologisk Vest 2019
Comments