Dette er eit samarbeid mellom gardbrukarane som står bak Jostedal Samdrift SA og Brelam AS, og øko-organisasjonane i Sogn (Veten lokallag av Økologisk Norge, regionlaget Økologisk Vest og Økoringen Vest).
Vi meiner at i ei tid med auka fokusering på kulturlandskap, biologisk mangfald, og lokalproduserte spesialitetar, er det naudsynt å kunne tilby ordentlege lokalproduserte kvalitetsprodukt, både til fastbuande og turistar. Jostedal Samdrift SA og Brelam AS er eit godt døme på at det er mogleg å få til dette i Sogn.
Meir om garden finn du under www.brelam.com.
Tidspunkt: Sundag 21.10.2018, kl. 13:00 – 16:00
Stad: Jostedal Samdrift SA Hesjevoll, Jostedalsvegen 2889 (28 km frå Gaupne)
Vi ønskjer alle interesserte hjarteleg velkommen!
Comments