Tysdag 20.3.2018 kl.17:30 på Valeberg skule
(mellom Sogndal og Kaupanger, følg skiltinga til Osteoporoselaboratoriet).
Obs! Avgrensa parkeringsplass!
Sakliste for årsmøtet
- vanlege årsmøtesaker
- Framtida til Veten lokallag av Oikos – Økologisk Norge. Vi viser til idédugnaden etter årsmøtet, der også andre miljø- og landbruksorganisasjonar er invitert.
19:00 Idédugnad med tanke på skiping av eit ”Miljø- og utviklingsforum i Sogn”, eit samarbeidsforum for ulike organisasjonar og enkeltpersonar som arbeidar for ei berekraftig og rettferdig framtid, både globalt, regionalt og lokalt. Kanskje skal organisasjonane samarbeide om å arrangere ØKOVEKA i 2018? For meir informasjon om ØKOVEKA sjå okouka.no.
Påmelding til årsmøtet innan 18.3. til: [email protected] eller mob. 975 21 402
Comments