Etter initiativ frå Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane vart det skipa eit orienteringsmøte om "Andelslandbruk", onsdag 23.11.2016 kl. 20:00 på Kafe Krydder i Sogndal. jfr. plakaten. Download Utk1Andel Sogndal (2). Marit Bendz, fylkessekretær i Naturvernforbundet, heldt eit svært inspirerande føredrag om Vie Andelslandbruk i Førde http://www.vieandelslandbruk.no
Alt i 2014 vart det arrangert eit orienteringsmøte i Sogndal. Pressemeldinga i samband med møtet i april 2014 finn du her: PM for møtet i 2014
Som på det første møtet var det nærmare 30 deltakar på informasjonsmøtet 23.11.. I tillegg hadde fleire sendt melding om at dei var interessert, men at det ikkje passa denne kvelden. Det var stor semje om å jobbe konkret med eit eiga prosjekt i Sogn og det vart føreslege å setje ned eit interimsstyre. Med tanke på kompetansen og det store engasjementet for andelslandbruk som Oikos - økologisk Norge har vist, var det naturleg at vi i første omgang bles liv att i det sovande lokallaget av Oikos i Sogndal-Leikangerområdet (Veten). Samstundes skal det jobbast for at det kjem i gong eit andelslandbruk i Sogn, og at ein eigen organisasjon for dette vert skipa når eit konkret prosjekt er klar for oppstarting.
Jfr. ny link
Som medlemer i interimsstyret vart vald: Johannes Anonby (tidlegare leiar i Veten lokallag), Christian Zurbuchen (tidlegare kasserar i Veten lokallag), og Victoria Kate Slaymark (student, ny).
Sogn Avis var på møtet og skreiv eit innlegg/referat som gjorde at mange vart merksame på prosjektet og i ettertida er vi kome i kontakt med potensielle vertar slik at situasjonen no ser mykje lysare ut enn tittelen i avisoppslaget antyda. Referat i Sogn Avis
Interimstyret har i ettertid sendt ut informasjon med påmeldingsskjema til dei som har skreve seg på lista. I tillegg har vi laga ei Facebookside.
Skal vi kome vidare med prosjektet er vi heilt avhengige av at folk tek kontakt med oss og seier frå at dei er interesserte.
Påmeldingsskkjemaet finn du her : Andelslandbruk i Sogn
Kontaktadresse: [email protected] v/ Christian Zurbuchen 975 21 402