Oikos Vest hadde årsmøte 15. februar på Bergen Impact Hub (Bryggen i Bergen).
Leiar vil spesielt takke Tore Bergum, Gyril Fimreite, Una Kolle og Anna Milford som trådte ut av styret for godt arbeid! Samstundes ønskjer vi i styret Idun Husabø (Leikanger), Ellen Siren Bruarøy (Os), Anja Eilertsen (Bergen) og Ragna Kronstad (SJH, Aurland) velkomen som nye styremedlemmar!
Sjølv om det har gått opp og ned med laget, har vi i 2014 hatt et inspirerande år, med fornya satsing på matfestivalen, gjennomføring av prosjekt (andelslandbruk, avslutta i 2014) med Økoringen Vest. Vi ønskjer og alle nye medlemmar velkomen. I 2014 fekk vi over 170 nye medlemmar!
Sjå elles referat frå årsmøtet.
- Christoffer Knagenhjelm (leiar)