15. februar vert det årsmøte på Hub'en i Bergen, frå 13.00-17.00
Møtelokalet ligg på Bryggen i Bergen:
Impact Hub Bergen
Holmedalsgården 3
5003 Bergen
Frøydis Lindèn vil fortelje om arbeidet til føregangsfylket (prosjekt leia av fylkesmannen i Hordaland), samt litt om turen til Grüne Woche.
Mogleg danning av lokallag i Bergen vil òg vere tema.
Årsmøtesaker:
- 1. Godkjenning av innkalling og dagsorden.
- 2. Val av møteleiar og referent.
- 3. Årsmelding.
- 4. Rekneskap.
- 5. Val: Styre med vara, revisorar, valnemnd, delegatar til landsmøtet. Innstillingar blir gjort kjent i møtet om ikkje ferdig før.
- 6. Arbeidsplan. Styret foreslår å delegera saka til styret, for handsaming i første styremøte.
- 7. Evt uttaler oa innmeldte saker. Ingen saker er meldt inn så langt.
Enkel matservering.
Helsing
Styret v/Christoffer Knagenhjelm (leiar)
Vedlegg: