Laurdag 15. mars kl. 10:00 på kafé krydder i Sogndal.
Nye tider krev nye løysingar! Økoringen Vest og Oikos Vest har i fellesskap invitert Jolien Perotti til å orientere interesserte i Sogn og tilgrensande område til å orientere om denne nye måten å organisere matproduksjon og -distribusjon på. Jolien Perotti er personen som har jobba mest og lengst med desse ideane i Norge. I engelsktalande land vert dette kalla "CSA - Community supported Agriculture", i Japan (der idéen opphaveleg kjem frå) Teikei, og i tysktalande Land "Solidarische Landwirtschaft" eller "regionale Vetragslandwirtschaft. I Japan er i mellomtida ca. 25 % av alle hushald medlemer i ein slik organisasjon. CSA - kva er det?
Vi meinar at i dagens situasjon der landbruket i delar av landet vårt er i fritt fall, og dei politiske signala er alt anna enn lovande, så treng vi ein solidarisk aksjon for å berge småskallandbruket. Samstundes må vi utvikla det økologiske landbruket frå å vere ein nisjeproduksjon - også kalla for rusk i maskineriet - til å vere hovudleverandøren av lokale, sunne og miljøvenlege produkt til økologisk interesserte og engasjerte forbrukarar.
Alle interesserte - både bønder og forbrukarar, er hjertleg velkomen til dette orienterings- og inspirasjonsmøte!
Namnekonkurranse! Kven har eit godt namn for fenomenet "Andelslandbruk" som kan brukast i nynorskområda?? Send forslag til [email protected]