Pressemelding
av Oikos Vest, v/styret
Den økologiske matvarebutikken "Reindyrka" i Bergen har sidan oppstarten i 2010 forsynt bergensarar med økologisk, og i stor grad lokalprodusert mat. Butikken er den einaste i Bergen som sel kun økologiske varer. Innehavarane har vist ein stå-på-vilje både når det gjeld å vere kompromisslause i forhold til at maten skal vere "rein", og i å gjere butikken og det han står for kjend for bergensarar flest.
Hjå Reindyrka er alle varene produsert utan
syntetiske sprøytemiddel, og dei inneheld ikkje skadelege tilsetningsstoff. Det
er spesielt flott at Reindyrka prioriterer varer frå lokale produsentar, i
tillegg til at dei er økologiske. Slike aktørar får sjeldan innpass hos dei vanlege
butikkjedene. Hovudleverandøren av frukt og grønt er gardbrukaren Knut Finne frå
Voss, som vann økoprisen i 2006- Hjå Reindyrka kan du òg få kjøpt mellom anna
ferskost frå Haugaland meieri, steinmalt mjøl frå Volda Mylna og urter frå Sikje gard på Bømlo. Matvarer ein elles
stort sett berre får kjøpt på
Bondens Marknad og Matfestivalen kan ein finne heile året hjå Reindyrka.
"Reindyrka er ein liten oase i ørkenen for den som ynskjer trygg, økologisk, lokalprodusert mat" seier
styremedlem i Oikos Vest, Anna Milford, som sjølv er busett i Bergen.
Økopris Vestlandet delast ut av Oikos
Vest, Økoringen Vest og Norsk landbruksrådgjeving Hordaland til ein person,
organisasjon eller ei verksemd som har gjort ein særleg innsats for å fremme
økologisk landbruk eller forbruk i regionen vår. Reindyrka varetek dei
prinsippa som det økologiske miljøet på Vestlandet står for, og er ein verdig
vinnar av Økopris Vestlandet 2013.
Tidlegare prisvinnarar:
2005: Sogn Jord- og Hagebruksskule SJH, Aurland
2006: Finnegarden, Voss
2007: Godt Brød
2008: Kari Haga og Nils Vange, Vik
2009: Hanne Frosta (Spisestedet På Høyden)
2010: Pascale Baudonnel
2011: Homlagarden
2012: Balholm