Debattinnlegg
av:Tore Bergum Vara til sentralstyret, Dei Grøne.
Stortinget behandlar no jordbruksoppgjeret. Som regel er dette grei skuring. Ved brot er det statens tilbod som blir banka igjennom, ved einigheit (som i år) vedtek dei det partane vart samde om. Denne runden gir likevel høve til innblikk i kva partia meiner, og kva dei forstår av landbruk og økologi. Frå protokollen til næringskomiteen på tinget kan vi lesa dette om Høgre og Fremskrittspartiet si oppfatning av berekraft:
”Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre viser til at målet om 15% bruk av norske arealer og 15% av omsetningen totalt i økologisk produksjon innen 2020 ikke lar seg forene med målet om en bærekraftig matproduksjon i jordbruket. Disse medlemmer viser til at økologisk produksjon legger beslag på mer areal – det har vært hevdet 20-25% mer – enn konvensjonell produksjon. (…)”
Dei er heilt rett at konvensjonell drift gjennomsnittleg gir meir avling per areal, sjølv om talet varierer med ei rekke faktorar (og i u-land er det dokumentert motsett forhold). Det skulle berre mangla, men det er fleire grunnar til at dette ikkje kan vara. Her skal berre nemnast èin: Ein vesentlege bestanddel i kunstgjødsla (ein berebjelke i konvensjonelt landbruk) er fosfor, eit grunnstoff vi høgg ut av berget rundt i verda. ”Da jeg var student trodde vi det fantes fosfor for 5-600 år, tidlig på nittitallet hadde det sunket til et par hundre år. Nå er det kanskje 20-30 år.” Det er Petter Jensen, professor ved UMB, som seier dette i eit nrk-oppslag som burde vekka nokon og einkvar <a href="http://www.nrk.no/vitenskap-og-teknologi/1.7079750"></a>
Oljen kan erstattast av fornybare alternativ, det kan ikkje fosfor. Den fosfor som alt finst i matjord og mat må rett og slett resirkulerast. Hovudgrepet då er å attvinna menneskeleg kloakk til gjødsel. I dag er dette forbode, også i økologisk landbruk, pga faren for giftinnhald i kloakken. Folk spyler ned dei merkelegaste ting i do og vask. Men dette kan det bli ei endring på om vi vil, ja det finst ikkje nokon veg utanom. Dei Grøne vil utvida forbodspolitikken mot dei verste giftstoffa, og ta i bruk panteordningar på fleire typar avfall. Det held tydelegvis ikkje at innlevering av farleg avfall som td medisin er gratis. Vi vil gjera utviklinga av gjødsel basert på human kloakk til eit satsingsområde for teknologiutvikling. Eit meir berekraftig industrieventyr for Yara?
Dei kortsiktige høge avlingane i kunstgjødsel-landbruket hjelper verken verdas fattige eller Norges sjølvforsyningsgrad på sikt. Dermed er det ikkje berekraftig, slik Høgre og Fremskrittspartiet (og fleire) trur. Det er som å pissa i buksa for å halda varmen, rettare sagt pissa i havet til det er tomt for fosfor. Dei Grøne støttar økolandbruket fordi det held fram naturlege krinsløp som ideal, og slik antyder ein veg utanom fosforkrisa, ei krise som fort kan setta oljekrisa i skuggen. Sverige har som mål at 60% av fosfor i kloakk skal tilbake på produktiv mark innen 2015. Det går an!