Kommentar til jordbrukstingingane
av Tore Bergum, styremedlem Oikos Vest.
Jordbrukstingingane er atter i gong. I den samanhengen blir økobønder først og fremst bønder, for utan eit solid norsk landbruk blir det heller ikkje noko økolandbruk. Oikos støttar sjølvsagt dei generelle krava frå faglaga om styrka økonomi og auka sjølvforsyning på norske ressursar.
Her skal vi likevel sjå litt på det som vedkjem økolandbruket spesielt.
Omleggingstilskotet er forslått avvikla slik vi kjenner det,
men det kompenserast ved fullt økotilskot allereie frå 2. karensåret.
Bindingstida som var knytt til omleggingstilskotet fell då vekk. Det er
usikkert om dette har særleg effekt på omleggingstakten.
Staten vil auka arealtilskotet til økokorn med 25 kr til 325 kr/daa med den
grunngivinga at
det er for lite økologisk korn. Dette er eit merkeleg forslag i og med at det
ikkje låg i kravet frå bøndene.Tvert om meiner vel dei fleste at økotilskotet
på korn er meir enn høgt nok og utgjer ein risiko for
"tilskottsrytteri". Oikos har hatt ein debatt om dei mange dårlege
økokorn-åkrane, som utvilsamt er ein fare for omdømmet til økologisk landbruk
generelt. Vi økobønder ønsker oss meir økologi med fullverdig vekstskifte.
Difor tilrådde både Oikos, Debio og Norsk Landbruksrådgiving å heva
arealtilskotet for gras med 25 kr for å gi insentiv til meir vekstskifte på
kornbruka og dermed indirekte oppnå meir økologisk kornproduksjon. Vi ønskte
oss òg auka tilskot per kg produsert korn. Desse innspela var fagleg støtta av
den store evalueringa av tilskotsregimet i økolandbruket, utført av Vista Analyse i
fjor haust. Vista Analyse meinte at hovudutfordringa for auka økokornareal var
den generelle landbrukspolitikken med lite husdyr, husdyrgjødsel og vekstskifte
med eng i kornområda. Ei endring i slik retning er tydelegvis ikkje god tone i
landbruksdepartementet.
Forslaget frå øko-miljøet om å setta av midlar til utgreiing av eit nytt
informasjonskontor for økologisk mat er ikkje teke til følge. Matmerk sitt
generiske opplysningsarbeid er derimot lagt inn med 2 millionar som før. Det
spørs om vi ikkje hadde tent på at eit freskare miljø hadde teke over ansvaret
for dette arbeidet. Det er i eiga setning presisert at det ikkje skal bevilgast
midlar frå SLF til generisk marknadsopplsyning utover dei 2 millionane til
Matmerk. Dette er merkeleg i og med at "alle" ser at det framleis er
viktig å arbeida med er marknadsutvikling.
Staten foreslår å auka midla til utviklingstiltak innen økologisk landbruk, som
forvaltast av SLF, med 1 mill. kroner. Dette er midlar Oikos med sine ulike
prosjekt i stor grad er avhengig av. Auken er positiv, men nokre nye
administrative føringar på bruken av samla pott har skapt noko uro i Oikos.
Av positive trekk er at satsingen på foregangsfylke
styrkast, både i form av auka rammer og forsterking av foregangsfylka sitt nasjonale ansvar. Dei noverande
prosjektleiarane hos FMLA i desse fylka er dyktige folk, men baksida er at det
som er personavhengig òg er sårbart. Det er trass alt snakk om realtivt små
økomiljø hos FMLA i dei 5 foregangsfylka (vi har eitt av dei her i reginonen:
Hordaland/Sogn og Fjordane er foregangsfylke innan frukt og bær).
Ut over dette synes alle noverande økotilskot å bli vidareførte. Oikos er ikkje
part i jordbruksforhandlingane, og er avhengig av at dei to ordinære faglaga
følger opp innspela våre om ikkje departementet sjølv lyttar. Det burde dei
gjera, for dei har trass alt framleis ei frisk politisk målsetting om ”15% i
2020” å forhalda seg til.