Heidersprisen "Årets meitemark" vart i år utdelt til Olav Arnar Bø. Dette skjedde under festmiddagen til OIKOS sitt landsmøte 2013 i Aurland.
"Årets Meitemark” er ein heiderspris som vert delt ut ein gong i året av Oikos - Økologisk Norge. Prisen går til ein person eller gruppe av personar som fremjar meitemarken sin trivnad og utbreiing i Kongeriket Norge. Ho/han eller dei får tildelt “Årets Meitemark” har rett til å kalle seg “Heidersmeitemark” og kan tiltalast som det same.
- Bø har ei vesentleg del av æra for at Sogn Jord- og Hagebruksskole eksisterer og i dag tilbyr undervisning i økologisk landbruk, han tok elevene på alvor da dei etterlyste meir kunnskap om økologisk landbruk, sier styreleiar Jakob Bjekem i Oikos – Økologisk Noreg.
Saman med fire andre gardbrukarar i Vik kommune har Bø starta opp eit lite lokalt slakteri, vikja-kjøtt. Han har dei siste åra vore dagleg leiar på slakteriet, i tillegg til å vera styreleiar i Økoringen Vest.