Ope brev til Yara frå Oikos vest v/Knut O Dugstad
Vi gratulerer Yara med nok eit overskot i milliardklassen: 3,3 mrd i tredje kvartal 2012. Det vitnar om at selskapet vert godt drive etter dei marknadsøkonomiske prinsippa. Ressursane bak kunstgjødselproduksjonen vert dyrare, men verda treng meir mat, dermed høgare gjødselpris. Det er berre det at me har noko som heiter matjord som kompliserer dette reknestykket. Kva er ei sunn matjord, og ikkje minst: korleis reagerer ho på aukande tilførsel av lettløyseleg næring? Ho sluttar då etterkvart å produsera gjødsel sjølv! Mikrolivet som bryt ned planterestar, fikserer nitrogen og mineraliserer næringsstoff frå berggrunnen vert overflødiggjort og døyr ut. Difor treng matjorda stadig ny kunstgjødsel for å levera, og vi får etterkvart plantar som berre inneheld hovudnæringsstoffa. Vi veit at menneske og dyr treng mykje meir enn som så. Kunstgjødsel-avhengig jord er nok òg ein del av grunnen til auka etterspurnad og overskot hos Yara.
Produksjonen av kunsgjødsel krev mykje energi (nitrogen) og tærer på lagerressursar (kalium og fosfor). Kva om Yara brukar litt av overskotet til å utvikla metodar for å resirkulera næringstoffa, etter modell frå naturen sjølv? Det er neppe teknisk uoverkomeleg å byggja om kloakkanlegg til gjødselfabrikkar. Det har som de sikkert veit vore laga granulert gjødsel av kloakkslam før. Også innan økologisk landbruk har det vore skeptis mot bruk av kloakkslam på jorda, av gode grunnar. Dersom Yara utviklar metodar for å fjerna tungmetall og anna galskap som me menneske greier å tømma i kloakken, er fleire problem løyst i same slengen. Dei fleste renseanlegga er i dag dessutan berre fosforbaserte. Det vil seia at det meste av næringstoffa i kloakken hamnar i havet, med dei problema det fører med seg. Mange havområde er som kjent sterkt overgjødsla i dag.
Gjødsel basert på kloakkslam vil måtta bearbeidast av mikrolivet i jorda for å verta plantetilgjengeleg. Dette vil reetablera ei aktiv levande jord der det i årevis er nytta ”ferdigtygd” kunstgjødsel. Ei slik aktiv jord vil dessutan vera istand til å vedlikehalda seg med alle mikronæringstoff, altså gje fullverdige matvarer. Ei aktiv jord er også meir stabil og havnar ikkje så lett i vassdraga med flaum, regn og vind, noko som etterkvart har vorte eit stort problem over heile jorda. Før eller seinare må ei slik resirkulering på plass uansett. Om Yara tenkte stort og tok leiartrøya her, ville selskapet verkeleg kunna smykka seg med ein grøn profil.