Av Tore Bergum, Oikos Vest
Då underteikna nærma seg tunet på Sogn- jord og hagebrukssskule om kvelden fredag 6.juli, var dei elles
lett gjenkjennelege økoagronomspirene vanskeleg å få auga på. Det yra av vanlege Aurlendingar og
tilreisande festfolk, medan reflekspynta samfunnstøtter overvaka alle inngangar som ikkje var stengt
med merkeband. Skulle dei alle på på økosamling i regi av Oikos, Økoringen og skulen? Som det meste
hadde dette også ei naturleg forklaring: Det var rigga til utekonsert med det oppstigande Valdresorkesteret
Staut i samband med Aurlandsmarknaden dagen etter. Men kvelden vart fin, med fønvind, god drikke og
dansevillege SJH-jenter (eg fann dei skitne barfotane til slutt innimellom dei vanlege skrålande lårkorte).
Dagen etter var det altså økosamling. 13 sjeler samla seg til heildagsforedrag av Anne-Kristin Løes,
økoveteran frå Bioforsk på Tingvoll. I tillegg sprang og sykla nokre medbrakte ungar kring om på tunet.
Hovudattraksjonen sjølv sette stor pris på å få snakka så fritt og lenge, og ausa villeg av økoforskinga sitt
"overflødigheitshorn". Vi var innom næringstilførsel, jorddekke og omsetting, heile tida med hovudfokus på
grønsaker. Få som vi var vart det òg fint høve til diskusjonar, både i klasserommet og under dei gode og
lange etepausane våre. Nokre elevar med Oikos vest sin eigen Evert Johansen i spissen sto for bevertning
og praktisk ramme rundt det heile. Det sosiale aspektet var godt ivareteke, noko som gjerne er verdt turen
i seg sjølv. Helga vart avslutta med felles frukost søndag morgon, som vanleg med stort innslag av skulen
sine eigne produkt.