av Tore Bergum, Oikos Vest
Økosau går gjerne for å vera ein lettvint produksjon, fordi ”sauene er jo nesten økologiske uansett”. Her skal vi la dei mest openbare misforståingane bak ei slik utsegn ligga, og heller sjå på eit punkt ikkje mange tenker på: Kravet til inneareal for økosauen.
Gardbrukarparet Kjersti og Leif Trygve Berge har begge lang fartstid som rådgjevarar i Norsk landbruksrådgiving Hordaland. I tillegg driv dei med økologisk sau på garden sin i Ølve, Kvinnherad. Det har vekt noko oppsikt i økomiljøet at dei to no ser seg naudt til å gi opp økogodkjenninga av sauehaldet sitt.
Bakgrunnen er lang tids fram og tilbake omkring det eine punktet i Debioregelverket som omhandlar krav til innandørs areal for sauen. Økosauen krev om lag dobbelt så stort golvareal som sin konvensjonelle artsfrende: 1,5 m2 per vaksen sau + 0,35 m2 per lam om våren, mot om lag 1 m2 tilsaman i konvensjonell drift (basert på erfaring, for sistnemnte er det nemleg ikkje noko konkret minstekrav). Dette betyr at ein ved omlegging til økodrift anten må ta ein vesentleg kostnad med utbygging, eller omtrent halvera dyretalet. Når driftskalkylen for øvrig i beste fall viser marginalt betre inntekt per sau ved økodrift, seier det seg sjølv at arealkravet kan bli avgjerande for valet av produksjonsform.
Hos Berge tenkte dei kreativt og prøvde følgande løysing: Sidan sauen trivst ute dei fleste dagane i året, må det vera akseptablet å ta det ekstra ”økoarealet” i form av ein romsleg luftegard. Når døra sto open døgnet rundt viste det seg at det mest til ei kvar tid var såpass mange individ ute, at innearealet til dei gjenverande var stort nok. Totalarealet per sau vart godt over minstekravet til inneareal. I fleire år aksepterte Debio denne løysinga, men samkøyringa med EU-regelverket gjorde det til slutt umogleg å vri seg unna: Skal utearealet kunna reknast med, må luftegarden overbyggast med tak.
Dermed vart det beslutta å gi opp økosauen, og gå attende til konvensjonell drift, iallfall på papiret, for økoveteranane i Ølve. Rett nok produserast grovforet på garden framleis økologisk, men dette heng òg i ein tynn tråd når regjeringa i årets jordbrukstingingar tilbyr ei ny halvering av det økologiske arealtilskotet for grovforareal (tilskotet er halvert ein gong før òg etter at dei starta opp). Same vegen går det i alle høve med dei flotte kjøtprodukta dei foredlar og sel sjølve.
Leif Trygve Berge er likevel forsiktig med å skulda på Debio når vi kontaktar han om saka. Han vil heller ha betre støtteordningar for landbruksbygg i slike tilfelle, slik at (den i hovudsak) eingongskostnaden med utbygging ikkje blir det store hinderet han er i dag. Dette kan krevast sentralt sidan problemstillinga er den same i heile landet, men for så vidt og gjerast regionalt. Til dømes har fruktbønder i regionen vår ei tid no fått dekt inntil 50% av kostnaden ved rydding av gamal frukthage til fordel for nytt økofruktfelt. Denne ordninga kom istand som ledd i den særskilde satsinga på økofrukt i Hordaland og Sogn og Fjordane, men er no på grunn av suksess spreidd til alle fruktdistrikt. Noko liknande bør vera mogleg for å gjera det romslegare for sauene i regionen.