Oikos vest hadde sitt årsmøte 19.02.2012 på Voss vandrarheim.
Årsmøtelyden møtte til eit velsmakande øko-måltid på Voss i forkant av årsmøtet. Etterpå orienterte Timm Vis om sitt grønsaksprosjekt i Stongfjorden (Askvoll) http://www.facebook.com/pages/Vist-hagebruk/213036668785095?sk=wall før dei vanlege årsmøtesakene vart handsama.
Det er små endringar i styret til Oikos vest. Jomar Bergheim frå Gaular valde å gå ut av styret og vart erstatta av Tor-Evert G. Johansen, student på SJH. Ny leiar er Tore Bergum, Grimo, etter Anna Milford, Bergen, som held fram som vanleg styremedlem.
Styret for 2012/2013 er samansett slik:
Tore Bergum Grimo Leiar og kasserar
Una Kolle Herøysundet
Christoffer Knagenhjelm Kaupanger
Gyril Fimreite Sogndal Skrivar
Anna Milford Bergen
Tor Evert Johansen SJH, Aurland
Christian Zurbuchen Kaupanger 1. vara
Knut O Dugstad Voss 2. vara
Torgrim Aalvik Revisor
Torgeir Magnar Børve Revisor
Landsmøtedelegatar i 2012: Christian Zurbuchen og Tor- Evert Johansen
Årsmøtet støtta Øystein Skjæveland si oppmoding til Oikos - økologisk Norge om å bruke namnet "Rein Mat" for det nylanserte Oikos-tidsskriftet (Ren Mat).
Årsmøtet gjekk vidare inn for å halde fast på Regionlaget "Oikos vest", men samstundes vere open for fylkeslag i dei delane av landet der det passar. Grunngjevinga var det veletablerte samarbeidet på tvers av fylkesgrensane her vestpå (Bergen Matfestival, Øko-pris Vestlandet, felles FMLA-øko-handlingsplan, felles føregangsfylkeprosjektet, m.m.).
Økoringen Vest avvikla årsmøtet sitt 10. mars 2012 på SJH i Aurland
Økoringen Vest arrangerte årsmøtet sitt slik at årsmøtedeltakarane kunne delta både på Campus-seminaret og på Aurlandsseminaret inkl. kulturcruiset på laurdagskveld, jfr.http://aurlandsseminaret.org www.kulturcruise.org
Det vart eit tradisjonelt årsmøte med dei vanlege årsmøtesakene. Satsane på medlemskontingenten er uendra for 2012.
Alle styremedlemer som var på val stiller opp for ein ny periode. Styret i Økoringen Vest er etter årsmøtet samansett slik for 2012/2013:
Leiar: Olav Arnar Bø, Vik i Sogn
Nestleiar: Anders Braanaas, Grønenga, Flora
Styremedlemer: Johannes E. Mundal, Fjærland, Sogndal
Valborg Heløy, Kroken, Luster
Mai Nyborg, Kandal, Gloppen
Varamedlemer: 1. Arve Heimdal, Stårheim, Eid
2. Åse Marie Helgheim, Vevring, Naustdal
Valnemnd: Harald Eriksen, Gaular, leiar i valnemnda for 2013
1 representant som vert oppnemnt av styret
Gyril Fimreite, Sogndal.