Økoringen Vest og Oikos Vest i samarbeid med Timm Vis inviterte til inspirasjonstreff/markdag i Stongfjorden (Askvoll). Organisasjonane samarbeidar om prosjektet ”Øko-grønt på fleire bord!”. Målet med prosjektet er at fleire i Sogn og Fjordane og Hordaland skal få tak i økologiske grønsaker, poteter og bær. Difor er vi glade for at Timm Vis i Stongfjorden vil satsa på grønsaksdyrking i større målestokk, berekna på den lokale marknaden. På markdagen viste Timm Vis fram demonstrasjonsfeltet sitt på ca. 1 da der ho i sommar har dyrka ca. 30 ulike grønsaksslag. Føremålet med markdagen var m.a. å ”lukte” litt på kor stor interessa er i Sunnfjord for økologiske grønsaker, kome i kontakt med evt. kundar, m.m., og finne ut om det er interesse for slik produksjon i Sunnfjord. Responsen på markdagen gjer at Timm er fast bestemt å jobbe vidare med saka og ho vil satsa på profesjonell produksjon av øko-grønsaker for den lokale marknaden i åra framover. Alle som på ein eller annan måte er interessert i å kjøpe øko-grønsaker i Sunnfjord er velkomne til å ta direkte kontakt med Timm Vis.
Trass i det dårlege veret var det stor interesse på inspirasjonsdagen/markdagen hjå Timm Vis den 27.8.. Ho vonar at veleigna lett reiskap som denne spadeplogen (kan koplast til 2-hjulstraktoren), handreiskap og bruk av kvalitetskompost på sikt kan gje betre dyrkingstilhøve i denne grønsaksåkeren.
Timm Vis vonar at ho i framtida slepp å vasse gjennom grønsaksåkeren........
Øko-grønt er trendy – grip sjansen!
Finst det betre sommermat enn salat som nettopp er plukka? Fersk, sprø og velsmakande, full av vitaminar og garantert fri for giftige sprøytemedel. Men dessverre, for mange har ønsket om heilt ferske øko-grønsaker til no vore ein nesten uoppnåeleg draum. Økoringen Vest og Oikos Vest er difor glade for at Timm Vis i Stongfjorden vil gjera noko med dette og er kome i gang med å dyrke grønsaker, bær og potet utan kunstgjødsel og sprøytemedel. Når til og med Michelle Obama har fått sin eigen grønsakhage ved det Kvite Huset med tanke på større sjølvforsyning med økologiske grønsaker, så vonar vi at også sunnfjordingane grip sjansen og viser sin interesse for dette prosjektet i Stongfjorden.
Meir øko-grønsaker – spanande for både fastbuande og tilreisande
Dei to øko-organisasjonane har starta prosjektet ’Øko-grønt på fleire bord!’ både med tanke på å motivere fleire til å dyrke sine eigne grønsaker, men også for å kome i kontakt og samarbeide med profesjonelle grønsaksdyrkarar som kan tenkje seg å dyrke for sal i fylket vårt. Lokal dyrka øko-grønsaker er eit mål i seg sjølv, både for å spare transport, men også for å få interessa opp for lokal øko-mat generelt. Å ha eit større tilbod av lokalt dyrka produkt er viktig med tanke på mattilbodet i verdas mest attraktive reisemål.
Øko-pioner viser fram grønsaksfeltet
Timm Vis har flytta til Stongfjorden sist vinter og har faste planar om å dyrke øko-grønsaker i større målestokk. Ho har solid øko-utdanning frå Nederland og difor gode føresetnadar for å lukkast med planane sine. I år har ho satsa på eit demonstrasjonsfelt på ca. 1 da, med ca. 30 ulike grønsaksartar og –sortar. Dersom der er interesse i regionen, så vil ho utvida dette arealet monaleg alt til neste år. Naudsynt utstyr eigna for eit større grønsaksareal er alt importert, hjortegjerdet er kome opp, og det som evt. no kan stoppe planane, er manglande etterspurnad etter lokalt produserte øko-grønsaker.
Arrangørane er svært glade for at ein ekte øko-pioner ville opna grønsaksfeltet sitt for ålmenta. Tusen takk til alle som bidrog til at dagen kunne gjennomførast. Spesielt vil vi også takke alle frammøtte, som ikkje lot seg skremme vekk av det dårlege veret.
Christian Zurbuchen, Økoringen Vest