FJordvett starta i si tid opp som eit felles medlemsblad for øko-miljøet i Sogn og Fjordane i 1993. Formelt var det ”Samarbeidsrådet for økologisk landbruk i Sogn og Fjordane” som sto bak bladet. Samarbeidsrådet vart etablert i byrjinga av 1990-talet for å samle øko-miløet i fjordfylket (SJH, lokallaga av OIKOS/NØLL og Økoringen Vest).
2003-2005 fekk bladet ei ansiktsløfting og kom m.a. ut i farge, samstundes som nedslagsfeltet vart utvida til å omfatta også Hordaland. Bladet vart utvida frå å vere eit informasjonsskriv for økomiljøet til å vere eit ”Tidskrift for økologisk landbruk, småskala foredling og berekraftig bygdeutvikling på Vestlandet”. Det ”nye” bladet vart godt motteke og fleire organisasjonar sa seg interesserte i å vere med i bladet.
Etter at fleire organisasjonane som tidlegare viste interesse for å slutte opp om FJordvett, vedtok å bruke Vestlandsk Landbruk som sitt medlemsblad, så strakk dessverre pengane ikkje lenger til å gi ut bladet i papirutgåve. Kompetansenavet for småskalaforedling v/SJH som hadde overteke utgjevaransvaret etter OIKOS Vest, gjekk difor saman med Økoringen Vest og OIKOS Vest i spissen for å finne ei løysing.
Kreative sjeler kom på ideen om å satse på ”FJordvett på nett”, noko som vart godt motteke. Den nye satsinga skulle vere eit nybrotsarbeid.
Redaksjonen til ”FJordvett på nett” vart lagt til Økoringen Vest
[email protected]. tel. 975 21 402.
Men så gjekk Fjordvett på nett litt i dvale og ikkje all stoff var ajour.
I samband med at Vestlandsk Landbruk vert lagt ned frå september 2010 ser vi det som svært aktuelt å blase nytt liv i “FJordvett på nett” og det er semje mellom Oikos Vest og Økoringen Vest om å bruke www.fjordvett.no som ei felles nettside i tillegg til dei organisasjonsinterne nettsider http://www.oikos.no/newsread/news.asp?N=5097 og http://okoringenvest.lr.no/
Bruk "FJordvett på nett" aktivt og ver med å utvikle nettstaden. Du kan t.d. skrive kommentarar til stoffet som ligg på nettet (klikk på "Comments"), men kom også med tips om stoff og nyhende til oss, slik at vi kan utvikla nettstaden vidare.