Prøveprosjekt: KOPROSA-Sogn
Økoringen Vest og Veten lokallag av OIKOS er gått i lag for å prøve noko nytt: eit KONSUMENT –PRODUSENT-SAMARBEID, avkorta KOPROSA.
Målet med prosjektet er: Å gjera lokale øko-produkt tilgjengeleg for lokale forbrukarar.
Det store paradokset er at økobøndene våre brenn inne med varene sine (gjeld ikkje frukt!), samstundes som medvitne forbrukarar ikkje får tak i desse varene! Sjølve omsetningssystemet for økologiske varer fungerar ikkje godt nok, spesielt så lenge at produksjonen er låg og dermed uinteressant for dei store aktørane. Men det er vanskeleg å motivere fleire gardbrukarar til å leggje om til økologisk drift når det vesle som alt vert produsert, ikkje vert seld! Samstundes må ein ha forståing for at dei store matkjedene ikkje vil foredla og omsette varene før produksjonen har nådd eit visst volum. Med andre ord: ein vond sirkel, og målet med KOPROSA er å bryte denne vonde sirkelen.
Ideen er henta frå Sveits og Austerrike, men også frå andre kantar av verden som t.d. frå CSA (community supported agriculture), ein idé som opphaveleg kom frå Japan og som spreidde seg til både Europa og Amerika ( http://journeytoforever.org/farm_csa.html).
KOPROSA-Sogn skal jobba med ulike tiltak som gjer lokale økologiske varer meir synlege og meir tilgjengelege for forbrukarar i regionen. M.a.o. skal lokale øko-bønder og forbrukarar bli knytt saman gjennom meir direkte omsetning av lokale økologiske varer. Noko av det første som skal prøvast ut er ei slags abonnementordning for lokalproduserte grønsaker, men også opplysningar om lokale øko-produsentar og deira produkt vil stå sentralt. Heile opplegget er internett-basert og interesserte kan melde seg på med å sende ein e-post til [email protected]. Ønskjer du fleire opplysningar kan du ringe Økoringen Vest, tel. 975 21 402.
KOPROSA Sogn er formelt eit samarbeidsprosjekt mellom Økoringen Vest og Veten lokallag av OIKOS. Deltakinga er gratis, men føreset medlemskap i minst ein av organisasjonane.
Initiativtakarane er spent på interessa for og oppslutninga om prosjektet og vonar at det kjem noko liknande på gang i andre område. Vi skal gjerne vidareformidla våre røynsler.
Interesserte forbrukarar i Sogn skal få enklare tilgang til økologiske varer