Fjordvett - Økologisk på Vestlandet

Om Fjordvett

  • Kva er Fjordvett?
  • Historie
  • Økoprodusenter på Vestlandet
My Photo

Lenkar

  • Bioforsk Økologisk
  • Debio
  • ECEAT - European Centre for Ecological and Agricultural Tourism
  • Njøs næringsutvikling - nyskaping i frukt og bær
  • Norsk Landbruksrådgiving Sogn og Fjordane
  • Ny link:
  • Oikos vest
  • Oikos Økologisk landslag
  • Ordomjord - Forum for lokal mat og samfunn
  • Slow Food

Annonsar

Årsmøte Økologisk Vestland 2021

I år ynskjer vi alle velkommen til årsmøte på Zoom, 20.5, kl. 20.00

Påmelding send epost til vestland@okologisknorge.no

 

Dagsorden for årsmøtet:

 Sak 1. Konstituering: Godkjenning av innkalling og dagsorden

 Sak 2. Val av møteleiar, protokollførar og to til å underskrive protokollen

 Sak 3. Årsmelding

Sak 4. Rekneskap med revisors beretning

Sak 5. Handlingsplan og budsjett

 Sak 6. Vedtekter

 Sak 7. Innkomne saker

 Sak 8. Val

    - Val av styre, valkomité og revisor

På grunn av koronapandemien vart det ikkje avholdt årsmøte i 2020. Det er heller ikkje vore aktivitet i laget, rekneskapen som vert framlagt er difor den same som i 2019.

Årsmøtedokument:

last ned innkaling årsmøte Økologisk-vestland.docx (925.9K)

Rekneskap 2019

Handlingsplan 2020

Årsmelding 2019

03/03/2020 | Permalink | Comments (0)

Årsmøte 2019 Økoringen Vest

Laurdag 30. mars 2019 kl. 13:15 på Skei i Jølster.

Møtelokale:Skei Misjonshus

Vanlege årsmøtesaker.

Påmelding innan  mandag 25.3.til:  oeko-v@online.noeller mob. 975 21 402 

Vi ber alle interesserte medlemer om å bli med på årsmøtet  2019 ___________________________________________________________________________________

 

 

03/21/2019 | Permalink | Comments (0)

Infomøte om REKO-ringen Sogn 23.3.2019

Jfr. oppslaget på Facebook: https://www.facebook.com/events/305117656842360/

https://www.facebook.com/groups/785757611798212/

http://www.smabrukarlaget.no/norsk-bonde-og-smabrukarlag/matnyttig/lokalmatringer 

03/21/2019 | Permalink | Comments (0)

Véten lokallag av Økologisk Norge - årsmøte 2019

 

Sundag 17.3.2019 kl.15:30 på Sogn Jord- og Hagebruksskule (Lundesalen)

 Sakliste for årsmøtet:

  • vanlege årsmøtesaker 

Vi oppmodar alle medlemer om også å delta på motivasjonsmøtet kl. 17:00 som vert halde i forkant av årsmøtet i Økologisk Vest (tidl. OIKOS Vest).  

02/21/2019 | Permalink | Comments (0)

Søndag 17.3, kl. 17.00 inviterer Økologisk Vest til samfunnsdebatt og årsmøte på Sogn Jord- og Hagebrukskule (Lundesalen).

Før det ordinære årsmøtet startar får me to spannande innlegg frå Marit Bendz og Elin Rømo Grande med tittelen Ut av skyttargravene - opp på barrikadane!

Matproduksjon, insektsdød, landbrukspolitikk og -praksis, klima og miljø. Alt heng saman, alt krev handling og endring. Korleis skal me få det til? Ved engasjement og samarbeid! Vil du vere ein del av løysinga? Høyr Marit Bendz og Elin Rømo Grande snakke om ulike måtar å engasjere seg på, og ta del i framtidsretta endringar.

 - Marit Bendz er forfattar, frilansjournalist og særs engasjert samfunnsaktivist.
- Elin Rømo Grande, avgangselev ved SJH, tilsett hjå Økologisk Norge.

- Enkel servering -

Dagsorden for årsmøtet

 Sak 1. Konstituering: Godkjenning av innkalling og dagsorden

 Sak 2. Val av møteleiar, protokollførar og to til å underskrive protokollen

 Sak 3. Årsmelding

Sak 4. Rekneskap med revisors beretning

Sak 5. Handlingsplan og budsjett

 Sak 6. Vedtekter

 Sak 7. Innkomne saker

 Sak 8. Val

    - Val av styre, valkomité og revisor

Download Invitasjon til samfunnsdebatt og årsmøte i Økologisk Vest 2019

Download Økologisk vest_årsmelding 2018

Download Rekneskap 2018

Download Handlingsplan for Økologisk Vest 2019

02/19/2019 | Permalink | Comments (0)

Open saue-økogard i Jostedalen 21.10.2018

Dette er eit samarbeid mellom gardbrukarane som står bak Jostedal Samdrift SA og Brelam AS, og øko-organisasjonane i Sogn (Veten lokallag av Økologisk Norge, regionlaget Økologisk Vest og Økoringen Vest).

Vi meiner at i ei tid med auka fokusering på kulturlandskap, biologisk mangfald, og lokalproduserte spesialitetar, er det naudsynt å kunne tilby ordentlege lokalproduserte kvalitetsprodukt, både til fastbuande og turistar. Jostedal Samdrift SA og Brelam AS er eit godt døme på at det er mogleg å få til dette i Sogn.

Meir om garden finn du under www.brelam.com.

Tidspunkt: Sundag 21.10.2018, kl. 13:00 – 16:00

Stad: Jostedal Samdrift SA  Hesjevoll, Jostedalsvegen 2889 (28 km frå Gaupne)

Vi ønskjer alle interesserte hjarteleg velkommen!

 

                                    Bilde 16.10.2018 klokken 11.41

 

 

10/17/2018 | Permalink | Comments (0)

Veten lokallag av Oikos – økologisk Norge, årsmøte 2018

Tysdag 20.3.2018 kl.17:30 på Valeberg skule

(mellom Sogndal og Kaupanger, følg skiltinga til Osteoporoselaboratoriet).

Obs! Avgrensa parkeringsplass!        

Sakliste for årsmøtet

- vanlege årsmøtesaker 

- Framtida til Veten lokallag av Oikos – Økologisk Norge. Vi viser til idédugnaden etter årsmøtet, der også andre miljø- og landbruksorganisasjonar er invitert.

19:00 Idédugnad med tanke på skiping av eit ”Miljø- og utviklingsforum i Sogn”, eit samarbeidsforum for ulike organisasjonar og enkeltpersonar som arbeidar for ei berekraftig og rettferdig framtid, både globalt, regionalt og lokalt. Kanskje skal organisasjonane samarbeide om å arrangere ØKOVEKA i 2018? For meir informasjon om ØKOVEKA sjå okouka.no.

Påmelding til årsmøtet innan 18.3. til: oeko-v@online.no eller mob. 975 21 402

03/09/2018 | Permalink | Comments (0)

Årsmøte 2018 Oikos Vest, 26. februar, kl. 20-22 på Bergen offentlige bibliotek

I år har vi felles årsmøte med Oikos Bergen, lokallag av Oikos Vest.

 

I år har vi fått Dag Jørund Lønning som foredragshaldar i forkant av årsmøtet! Foredraget startar kl. 18.00

 

Rekneskap og balanse vert lagt ut så snart dokumenta er klare.

 

Årsmøtesaker:


1. Godkjenning av innkalling og dagsorden.
2. Val av møteleiar og referent.
3. Årsmelding.
4. Rekneskap.
5. Val: Styre med vara, revisorar, valnemnd, delegatar til landsmøtet. Innstillingar blir gjort kjent i møtet om ikkje ferdig før.
6. Arbeidsplan. Styret foreslår å delegera saka til styret, for handsaming i første styremøte.
7. Evt uttaler oa innmeldte saker. Ingen saker er meldt inn så langt.


Helsing
Styret v/Christoffer Knagenhjelm (leiar)

Vedlegg:

Oikos Vest Årsmelding 2017

Oikos Vest Rekneskap 2017

Oikos Vest Balanse 2017

01/31/2018 | Permalink | Comments (0)

Økoringen Vest - årsmøte 2018

Årsmøte 2018 vert halde på Skei i Jølster.

Laurdag 24.mars kl. 13:30 på Skei Servicecenter (møtelokale i bankbygget).

Vanlege årsmøtesaker

Alle medlemer er velkomne! Påmelding innan mandag 19.3. til oeko-v@online.no eller  975 21 402

03/03/2017 | Permalink | Comments (0)

Andelslandbruk i Sogn - eit skritt vidare

Møtelyden den 16.2.2017 synast at det var for tidleg å drøfte organisasjonsform og å velje eit arbeidsutval/interimsstyre. Men det var semje om å arrangere eit nytt brainstormingsmøte rett etter vinterferien, samstundes som vi jobbar for å kome i gong med 2-3 mindre prosjekt, tilpassa talet på interesserte, geografien  og tilboda om jord vi har fått.

Marny Tønnessen inviterar til nytt møte torsdag 2.mars 2017 kl. 18:00 på Valeberg skulestova (følg skiltet "Osteoporoselaboratoriet)

Meir om møtet og om planane framover finn du på gruppa si Facebook-sida: https://www.facebook.com/groups/571173543092239/?fref=ts  Der finn du også påmeldingsskjemaet dersom du har lyst til å vere med i prosjektet (og dermed vil stå på utsendingslista for meir intern informasjon).

02/19/2017 | Permalink | Comments (0)

Neste »

Recent Posts

  • Årsmøte Økologisk Vestland 2021
  • Årsmøte 2019 Økoringen Vest
  • Infomøte om REKO-ringen Sogn 23.3.2019
  • Véten lokallag av Økologisk Norge - årsmøte 2019
  • Søndag 17.3, kl. 17.00 inviterer Økologisk Vest til samfunnsdebatt og årsmøte på Sogn Jord- og Hagebrukskule (Lundesalen).
  • Open saue-økogard i Jostedalen 21.10.2018
  • Veten lokallag av Oikos – økologisk Norge, årsmøte 2018
  • Årsmøte 2018 Oikos Vest, 26. februar, kl. 20-22 på Bergen offentlige bibliotek
  • Økoringen Vest - årsmøte 2018
  • Andelslandbruk i Sogn - eit skritt vidare
Subscribe to this blog's feed

Categories

  • Leiar (1)
  • Lokal foredling (2)
  • Lokal mat (2)
  • Omsetning (2)
  • Styresmakter (1)
  • Økologisk Dyrehold (1)
  • Økologiske idèer (2)
See More

Archives

  • mars 2020
  • mars 2019
  • februar 2019
  • oktober 2018
  • mars 2018
  • januar 2018
  • mars 2017
  • februar 2017
  • november 2016
  • september 2016